Makt bak kravaVerdssamfunnet må vise Israel at det har ein kostnad å bryte internasjonal lov. I over 40 år har Israel okkupert Palestina og fråtatt palestinarane mulegheiten til å leve eit verdig liv. Muren på Vestbredden og blokaden av Gaza hindrer forsyningar av mat og medisiner og skaper fattigdom og fortvilelse. Måndag 31. mai angrep det israelske militæret eit skip med humanitær bistand på veg til Gaza. Ni fredsaktivistar blei skote og drepne. Hendelsen er nok eit eksempel på den israelske regjeringas brutalitet og ein politikk som bryt med folkeretten og internasjonale speleregler. Til tross for gjentatte bevis for at internasjonal fordømmelse er rein rutine for israelske myndigheiter, er verbale verkemidler fortsatt det einaste som realiteten diskuteres i norsk politisk debatt. SV meiner Noreg har ein rolle i arbeidet for å skape fred i Midtøsten, men den er ikkje lenger meglerens. Så lenge den noverande regjeringa i Israel ikkje viser vilje til ein tostatsløysning med palestinarane er det ingen fredsprosess å megle. I stedet må Noreg ta ei leiarrolle internasjonalt for å stille makt bak krava ovanfor Israel og iverksetje eigne politiske tiltak for å presse Israel til å endre politikk. SV meiner Noreg må jobbe for oppretting av ein humanitær korridor med utstyr, mat og medisiner til Gaza. Noreg må ta initiativ til ein internasjonal våpenboikott av Israel, slik Noreg allereie har innført overfor Israel og andre land i krig. SV vil fortsette arbeidet for at oljefondet trekkjast ut av alle selskap som er involvert i okkupasjonen, og at alle investeringar frå israelske statsobligasjonar trekkjast ut. Målet med sanksjonane er å presse Israel til endre politikk ved å oppheve den folkerettsstridige blokaden av Gaza og slippe naudsynte varer inn til sivilbefolkninga, stanse bygginga av ulovlege bosetningar på Vestbredden og i Øst-Jerusalem, og bidra til ein reell fredsprosess kor målet er ein sjølvstendig palestinsk stat basert på FNs resolusjonar. Jonas Koksvik, Annonse | |||||||||||