Viser arkivet for april, 2010

Kvifor 1.mai?

Kvifor markerer vi framleis 1.mai? Har det noko for seg? Vel…

SV satsar på miljø og rettferd framfor skattelette og privatisering. Vi står for eit samfunn basert på heilt andre verdiar enn høgresida. Vi satsar på miljøvennlege arbeidsplassar, vi vil gje kvinner den løna dei fortener og vi vil ha ein skole som gir alle mulegheit til å lykkast. Høgresida vil det motsette. Dei vil ha fullt trøkk på olje, dei er imot likelønspott og dei vil privatisere skolen.

Derfor må vi bruke dagar som 1.mai til å kjempe for våre fanesaker og for eit betre samfunn.

”_1ste mai er arbeiderne som en stor hær. Den dagen drar de i tætte fylkninger for at kjæmpe sin seige kamp – om kvelden samles de til fest og dans rundt leirbaalene. … Men det er et gode ved disse fester, at kampen ikke glemmes for festens skyld. Som aarvaakne skiltvakter forkyndte de forskjellige talere om fiendens nærhet. Vi har føling med fienden, de angrep igaar, de angriper i morgen! Kampmotet holdtes levende av begeistrende sang og musikk, og livsmotet florerte under dansen_.”
-Social-Demokraten 1916

Den teksten er like gangbar i 2010 som i 1916. For vi samlast framleis, og er samla for å kjempe for vår bodskap.

I år har Sunndal SV to parolar; “Fritt Palestina” og “Likeløn no”! Eg oppfordrar så mange som muleg til å støtte opp under dei.

For også i dag blir kvinner diskriminerte i arbeidslivet, ikkje minst fordi kvinnedominerte yrke har gjennomgåande lågare løn enn sammenliknbare mannsdominerte yrke. SV krev at arbeid av lik verdi får lik løn.

Kampen for likeløn er den viktigaste frigjeringskampen for kvinner i Noreg idag. Det å løyse likelønsproblemet er ei forutsetning for framtidig rekruttering ikkje minst til dei kvinnedominerte yrkesgruppene i offentleg sektor, og dermed også avgjerande for at vi kan behalde og vidareutvikle velferdsstaten. Likelønskampen er også ein kamp for rettferdig fordeling og for ein slutt på verdsettingsdiskrimineringa av dei oppgåver i samfunnet som tradisjonelt har vore utførte av kvinner.

Så JA, eg meiner at 1.mai er ein viktig dag. Det er ikkje berre ein fridag, det er ein dag der vi kjem ut frå vinterdvalen og kjemper vår sak for fellesskapet. Møt opp du også!

Jonas Koksvik
leiar i Sunndal SV

Til deg som var ung på 60 og 70 - tallet....

Du har kanskje oppdaget at tråden til dette innlegget nå er fjernet og dermed muligheten til å komme inn på min webside The Story of Radio Luxembourg

Du kan fortsatt komme inn uten registrering fram til 1 mai , men deretter må du registrere deg for å kunne benytte websiden.