Annonse
Aurapuls

IKKJE RØYR FEDREKVOTA!

Fedrekvota er i Noreg ein betegnelse på den perioden av foreldrepengeperioden som berre kan takas ut av faren. Fedrekvota er svært kontroversiell. Kritikarane argumenterer med at det er mora som har fødd ungen og at det er biologiske årsaker til at ein har fødselspermisjon, knytta til fødselen og forholdet mellom mor og barn.
Høgre vedtok nylig på sitt landsmøte, med stort fleirtal, å avskaffe fedrekvota, etter forslag frå Høgres kvinneforum, Unge Høgre og ein rekkje fylkeslag.
Framstegspartiet går også inn for å avskaffe fedrekvota.
Å avskaffe fedrekvota vil vere dårleg for barn, dårleg for fedre og dårleg for kvinner. Det vil vere eit gedigent steg i feil retning. Fedrekvota sikrar fedre mulegheitene til å ha hovudansvaret for sine barn i ein lengre periode når dei er små. Den sikrar barna like god kontakt med pappa som med mamma, og den gjør at kvinner stiller sterkare i arbeidslivet, fordi fråværet frå jobb fordelast jamnare mellom menn og kvinner. Noreg har klart å kombinere høge fødselstal med høg yrkesdeltakelse blant kvinner. Dette har vært muleg blant anna fordi vi har ført ein likestillingsretta familiepolitikk
Ein må hugse på at tidene har forandra seg, at omsorg av eit barn ikkje avhenger av biologi.
Kampen for likestilling vil gå langt tilbake i tid, viss Høgres påfunn kjem til livs. Noreg er jo eit av verdas beste land å bu i, og da må vi ikkje tillate at nokon klussar med våre rettar. Rettar det har teke lang tid å byggje opp, men som kan øydeleggast med eit pennestrek. Vi kan ikkje sitje på sidelinja å sjå på, vi må kjempe vidare for at velferdssamfunnet vårt består og blir betre.
Regjeringa vil utvide fedrekvota og gje fleire fedre rett til pappaperm. Kvotering er naturlegvis ikkje noko mål, men det er fortsatt eit nødvendig verkemiddel. Utan fedrekvota ville norske menn stått langt svakare når dei møter opp på arbeidsgivars kontor for å seie frå om at dei vil ta pappapermisjon. Fedrekvota er svært viktig fordi den markerer at foreldrepermisjonen faktisk tilhører begge foreldra, og at kvar familie må ta stilling til korleis den skal fordelas mellom mamma og pappa.
Så ver venleg, ikkje røyr fedrekvota!

Jonas Bjørnson Koksvik,
Leiar for Sunndal SV

Vist 282 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Exclamation_desat_24

Koksvik har belyst veldig godt hvorfor muligheten til pappapermisjon ikke må fjernes. Likestilling er arbeid for like muligheter for begge kjønn og begge foreldre. Noen kvinner og mødre har ansvarsfullt lønnet arbeid og er avhengig av trygt barnepass hjemme som menn og fedre i arbeid som krever mye tid utenfor hjemmet. Barna er avhengig av at alle voksne samarbeider om å trygge deres oppvekst, arbeider for vilkår som sikrer at forholdene for barna blir gode og stabile. Noen kvinner er dessverre kvinner og barn verst. Vi finner dem også i politikken.

Aurapuls

Følges av 841 medlemmer.

Aurapuls er en lokalsone på Origo for Sunndal og Tingvoll, underlagt auraavis.no
Her kan du enkelt holde deg oppdatert på hva som skjer i lokalmiljøet og med familie og venner – eller du kan fortelle andre hva som skjer i nærheten!

Kalenderen trykkes også i Aura Avis. Frist for registrering til denne er kl. 12 dagen før siste utgivelse før hendelsen.

Aura Avis forbeholder seg retten til å benytte debatten også på trykk.

En kjekk starthjelp finner du i Sandkassa, og mye hjelp kan du få på Vaktmesterkontoret.

Også du kan starte din egen sone, enten det er for deg privat eller for foreninger, interessegrupper eller annet. Trenger du hjelp? Ta kontakt med en av vertene i Aurapuls!
På din egen profilside kan du samle vennene dine, legge ut dine egne bilder og meninger. Du kan selv bestemme hvem som skal få se hva.

Med Aurapuls som utgangspunkt kan du også finne nye venner med felles interesser over hele landet. Gå til hele Origo for å starte din Origo-ferd. Mer om sonen

Origo Aurapuls er en sone på Origo. Les mer