Rett til lærlingeplass!SV har lenge kjempa for at yrkefagelevar skal få rett til lærlingeplass som del av utdanninga si. Elles blir ho jo ikkje fullstendig. Torsdag 18. mars er Stortinget ferdig med å behandle stortingsmeldinga «Utdanningslinja» som blant anna handlar om korleis vi kan styrke yrkesfaga og få fleire til å gjennomføre vidaregåande opplæring. SV meiner at yrkefagselevane må garanterast læretid i bedrift. SV er veldig glad for at stortingsfleirtalet no går inn for å greie ut ei lovfesting av retten til læreplass. Både SV og SU har jobba for dette i årevis. Stortingsflertalet går også inn for fleire tiltak for å gjere yrkesutdanninga meir praktisk retta. Blant anna ved ei ny eksamensordning for engelsk. I dag er det ein felles sentralgitt eksamen uavhengig av kva for ei yrkesretning elevane går på. Dagens system der yrkesfagelevane får same engelskeksamen som elevar på studiespesialisering, gjer det vanskeleg å yrkesrette undervisninga. SV vil ha ei undervisning som er meir relevant for det yrket elevane siktar seg inn mot. Da må vi ha ei eksamensordning som passar til det. Jonas Koksvik
Vist 469 ganger. Følges av 1 person. Aurapuls
Følges av 841 medlemmer.
Aurapuls er en lokalsone på Origo for Sunndal og Tingvoll, underlagt auraavis.no Kalenderen trykkes også i Aura Avis. Frist for registrering til denne er kl. 12 dagen før siste utgivelse før hendelsen. Aura Avis forbeholder seg retten til å benytte debatten også på trykk. En kjekk starthjelp finner du i Sandkassa, og mye hjelp kan du få på Vaktmesterkontoret. Også du kan starte din egen sone, enten det er for deg privat eller for foreninger, interessegrupper eller annet. Trenger du hjelp? Ta kontakt med en av vertene i Aurapuls! Med Aurapuls som utgangspunkt kan du også finne nye venner med felles interesser over hele landet. Gå til hele Origo for å starte din Origo-ferd. Mer om sonen Aurapuls er en sone på Origo. Les mer | ||